Eldhusopplevingar

Me ynskjer velkomne til gode opplevingar på garden Dale, mellom Granvin og Vossevangen. Ein komplett bryggjing av heimabrygg i eldhuset tek 10-12 timar, difor har me laga eit kursopplegg over 3 dagar.
For å gjera det mogeleg for travle byfolk å vera med kan me "juksa litt". Då kan ein få oppleva ei av dei sentrale delane av eldhusbryggjing uten all ventinga; Trekking av einerlåg - og smaka litt på kveikøl.

Overnatting i Gamlehuset

Overnatting i Gamlehuset

Du kan leiga Gamlehuset til overnatting. Huset har 8 sengeplassar, eige tekjøkken og ei lita stove. Huset er bygd i 1860, og renovert mellom 2013 og 2018.

Bryggekurs i eldhuset

Bryggekurs i eldhuset

Lær deg å bryggja heimabrygg med kveik på tradisjonelt vis! Me tilbyr bryggjekurs i eldhuset over 3 dager. Då vil du læra både bryggjeteknikk og om gamle truer og skikker knytta til ølet og bryggjinga. Ein smak av god lokal mat og drykk kan me og by på.

Glamping i skogen

Glamping i skogen

No kan du nyta skogens ro i ein romsleg og glamorøs lavvo, med kort veg til siviliserte fasilitetar. Om du vil vakna til fuglekvitter eller dalande nysnø avheng av sesongen, men me kan lova ein unik og behageleg overnatting i naturen.